Fitjar skulekorps førebur seg i desse dagar til storstilt storbandkonsert i kultursalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Korpset fyller 55 år i år, og skal i sommar markera det med å reisa på jubileumstur til Tyskland etter NM-deltaking i Stavanger. Før korpset startar oppkøyringa fram mot NM fokuserer dei no på storbandmusikk og førebur seg til si årlege store konsertoppsetting. 

Det vert to framføringar av konserten som har fått namnet «Swing&Chill». Først skuleframføring torsdag føremiddag og så open framsyning på kveldstid fredag 20. mars. 

På konserten deltek alle dei 47 musikantane i korpset, i storbandoppstilling, inkludert dei åtte ivrige aspirantane som skal vera solistar på eit av nummera. Heile sju av dei andre musikantane i korpset skal vera solistar på sine instrument, i tillegg til at fleire av dei skal delta som songsolistar. Korpset sin eigen pianist, Guro Rimmereid, skal spela piano både saman med korpset og som akkompagnetør for solistar. I tillegg til folk frå eigne rekker deltek korpspappa og tidlegare leiar i styret i Fitjar skulekorps, Ole Christian Ottestad, med ein saksofonsolo saman med korpset. Korpspappa og noverande styreleiar, Tom Rydland, skal både vera konferansier og songsolist. Dei frammøtte vil og få eit spennande møte med heile trombonerekkja som solistar.

Det vert både svingande rytmar og avslappande melodiar, frå eit korps i storform. Ein vil få høyra kjende Blues Brothers-tonar, klassikarar som «Hit the road Jack» og James Brown sin «I got you. » Av dei rolegare songane kan nemnast «My funny Valentine» og Feeling good». Nyare musikk som Adele sin «Someone like you» står og på programmet.

Konserten er ei stor satsing for korpset og vil ha eit heilskapleg preg. Korpset lovar ein spennande, flott, variert og godt førebudd konsert og vil oppmoda alle om å ikkje la dette høvet til å «swinga og chilla» til god storbandmusikk gå frå seg.

Sjå annonse.

Dei åtte aspirantane og resten av korpset er i storform og ser fram til å få vist kva dei er gode for under «Swing&Chill»-konserten. Foto: Helga Rimmereid