Arkivfoto: Fitjar skulekorps spelar i samband med søndagsskulens dag 2014. Foto: Helga Rimmereid

Inviterer til spennande tur til Fodno

Fitjar skulekorps, i samarbeid med kyrkja, søndagsskulen og sogelaget inviterer til ein spennande og variert dag på Fodno førstekomande sundag. 

Korps på tur
Fitjar skulekorps har oppstartsseminar denne helga og søndag føremiddag står dei klar for å møta publikum ved skulehuset på Fodno. Det er ordna med gratis skyss frå Fitjar sentrum (Larsenkaien) til kommunekaien på Fodno. Det einaste ein treng tenkja på er at ein sjølv tar med seg redningsvest. (Dei som stiller med båt har nokre få vaksne vestar om nokon manglar). Båttransporten går kontinuerleg frå klokka 9.30-10.20, eller til alle som ynskjer det er frakta over til Fodno. Båtturen er gratis, men det er mogleg å gje ein liten slant til dekking av drivstoff, for dei som ynskjer det. 

Friluftsgudsteneste og søndagsskulens dag
Vel framme på Fodno er det ein fin spasertur opp til det gamle skulehuset. For dei som synes det er vanskeleg å føta seg oppover traktorvegen vil det verta ordna med skyss heilt fram. Ved skulehuset  vert det friluftsgudsteneste omkring kl. 11.00, eller når alle som er på veg er komne fram. Søndagsskulen er og på plass og markerer søndagsskulens dag, og både korpset og søndagsskulen vil vera delaktige i gudstenesta. Prest er Fridleif Lydersen. 

Omvising
Skulekorpset stiller med varme grillar som står til fri disposisjon etter gudstenesta, for dei som har grillmat med seg. Så vert det ulike aktivitetar omkring skulehuset, det vert guida omvising ved sogelaget og det vert natursti opp til Fodno sin høgaste topp, Ramsberget, 149 moh. Ca kl. 14 går det skyss attende til Larsenkaien frå kommunekaien på Fodno.

Dette vert eit spennande og unikt samarbeidsprosjekt med friluftsgudsteneste, korpskonsert, sogelagstur og søndagsskulens dag på ein og same gong. Alt basert på god dugnadsånd.  Turen tar nokre timar og alle må sjølv ta med seg mat og drikk og kle etter veret, i tillegg til redningsvest. Det kan og vera lurt å ha med seg sitteunderlag.

Både kyrkja, korpset, søndagsskulen og sogelaget ser fram til søndag og arrangementkomiteen med Lovise Vestbøstad i spissen håpar mange vil vera med på turen og ynskjer små og store, yngre og eldre hjarteleg velkomne til naturperla Fodno !   

Sjå elles plakatar og annonser.

Flott på toppen av Fodno, på Ramsberget, 149 moh. Foto: Helga Rimmereid

Fodno er ei flott naturperle av ei øy, like utanfor Fitjar sentrum, med nokre få fastbuande. Eigedomane på øya er i privat eige og arrangørane vil retta ei stor takk til grunneigarane for velvilje og godt samarbeid.