Henning Aarekol kjem til Fitjar den 29.januar med det dagsaktuelle føredraget «Kvifor sitta inne når alt håp er ute?». Eit tankevekkjande og oppløftande føredrag om verdien av å tenkja positivt.

Føredraget vert arrangert i regi Team Rynkeby God Morgon Haugaland, ved Stian Torland og Lillian Kjørberg Torland. Dei gler seg til Aarekol kjem og fortel at dette vert eit veldig spennande føredrag.

– Henning er utdanna sjukepleiar og relasjonsterapeut, og med ein god dose livserfaring presenterer han truverdig og fargerikt kvardagshistorier med glimt i auga. Føredraget vil opna augo dine til korleis ein kan få meir ut av kvardagen sin ved å endra tankegangen sin, fortel Torland.

Henning Aarekol fortel kjapt kva han vil prata om på Fitjar

– Vi er alle nødt til å senke skuldrene. Det er slik vi får det beste ut av hverdagen, enten vi er langt nede eller høyt oppe i utgangspunktet. Det er viktig med stadige påminnelser om verdien av å tenke positivt, og at man selv spiller den viktigste rollen for hvorvidt en dag blir god eller dårlig, seier Henning Aarekol, som er klar for å besøka Fitjar.

Stian Torland fortel at dette føredraget i tillegg til å gje deg ein mental boost, vil gje deg sjansen til å støtta forsking på alvorlege sjukdommar hos born.

– Alt overskot går uavkorta til Barnekreftforeininga gjennom innsamlingsaksjonen til Team Rynkeby, og er øyremerka forsking på kreft hos barn, og seinskadar av behandlinga. Me ynskjer at alle skal verta friske, og ha eit godt liv etterpå.

Torland takkar Henning Aarekol for at han held føredraget gratis, og Ole Bergesen for at Team Rynkeby får låna kultursalen gratis.

– Dette gjer at me kan gje mest mogleg pengar til Barnekreftforeininga. Henning Aarekol sine føredrag plar vera populære og få svært gode tilbakemeldingar. So her er det berre å sikra seg ein billett, og ta turen til kultursalen kl.19 onsdag 29.januar, oppfordrar Torland.