Når Fitjar Musikklag konserterer 6. mars neste år, kan du vera ein av dei som har bestemt programmet.

Denne gongen inviterer dei nemleg til ønskekonsert. Så har du ein song/melodi som du vil at dei skal spela, kan du kontakta Kitty Træet. Mailen til Kitty er: kittytræet@hotmail.com. Mobilnummeret er: 913 47 803. Dei må ha ønsket ditt innan 15.desember, slik at dirigenten kan få tak i notane i god tid.

-Vert songen din med i konsertprogrammet, vert du løna med gratis inngang, lovar Kitty.