Knut Vik i Fitjar Skyttarlag inviterer til «Skytingens dag» på søndag.

Det heile finn stad på den nye skytebanen i Årskog frå kl. 13.00 til 16.00.

– Her vert det høve for alle som vil å prøve seg som skyttarar, og det vert premiar til alle, lovar Knut Vik.

Nærare opplysningar kan du få hos Kjell Kristian Midtsæter på mobil: 920 81 880.