Utover hausten inviterer Fitjar sokneråd til kveldsbøn i kyrkja.

 Dette skal vera eit pusterom i ein travel kvardag, med skriftlesing og lesing frå den nye salmeboka. I tillegg blir det musikk og tid og rom til å ta det heilt med ro i kyrkja. Den første samlinga blir onsdag 27. august, frå klokka 20. Soknerådet skriv i eit informasjonsskriv at alle velkomne, uavhengig av religiøs ståstad.

 

Ingressbilete: Fitjar kyrkje. Foto: Håkon C. Hartvedt