Fitjar Vidaregåande Skule har julemarknad i morgon, laurdag 15. desember, frå klokka 10.00 – 14.00. Her vil òg elevbedriftene syne seg fram.

Me minnest yrande liv og stor steming i fjor, og mykje gode saker som dei ymse elevbedriftene bar fram for sal. Ein del lokale produsenter av ymse slag tok òg del, og me har ikkje grunn til å tru anna enn at det blir like bra i år.

-Det vert òg sal av ein tørrfiskrett i kantina, får me vite.

- Annonse -