Ole Bergesen inviterer til julekonsert i kultursalen. Foto: Ingrid Hovstad

Fitjar kultur- og idrettsbygg ønskjer å bringa julestemning til store og små med julekonsert den 18.desember.

Dagleg leiar på bygget, Ole Bergesen lovar kjente og kjære julesongar framført av lokale songarar, samt eit par allsongnummer.

– Vittige Arne Torget skal leia kvelden for oss, og dyktige Irene Simonsen skal akkompagnera dei flinke artistane, fortel Bergesen og nemner i fleng;

– Silje Rydland, Thea Træet, Ole Andrè Westerheim, Tom Rydland, Karine Lillenes, Klara Olsen Aadland, Guro Skår Bergesen, med fleire.

Først vart det lagt ut 50 billettar til konserten, i samhald med Fitjar kommune sine lokale koronaretningslinjer, men i dag kan Bergesen koma med ein glad nyheit.

– Dei lokale retningslinjene om offentlege arrangement vert oppheva til konserten, og dermed kan me følgja nasjonale reglar som fortel at offentlege arrangement med fastmonterte seter kan ha inntil 200 gjester. Akkurat so mange har ikkje me plass til, men godt over 100 personar skal gå greitt, fortel Bergesen, som har lagt ut fleire billettar for sal.

Billettar kan kjøpast på nett eller på huset på dagtid.