Dei nye vegane til fjells opnar for nye måtar å nytte Fitjarfjellet på. No er det etablert ei arbeidsgruppe som ønskjer å samle inn idear om dette.

Utfordringa går til lag og organisasjonar så vel som til privatpersonar. Det er viktig å kome med ideane no, før utbygginga er ferdig.

Tore Sigurd Fitjar, som er koordinator for arbeidsgruppa som skal samla inn og systematisere ideane som kjem inn, fortel at det var Fitjar Idrettslag / Orienteringsgruppa som nyleg tok initiativet til eit møte om denne saka. I tillegg til folk i frå eigne rekkjer samla dei representantar frå Fitjar Grunneigarlag, Fitjar Idrettslag, Stord-Fitjar Turlag, Midtfjellet Vindkraft, Friluftsrådet Vest og Fitjar kommune.

Allereie på dette møtet starta idedugnaden. Det vart mellom anna nemnt idear som akebakkar, lysløype, rasteplassar, servicebygg og parkering ved Olstjønn, etablerte utkikkspunkt, mountainbike trasé og tilrettelegging av aktivitetar for funksjonshemma. (T.d. kan ein båt med baugport plasserast i Midtvatnet, slik at funksjonshemma kan kome seg utpå der for å fiske).

– Kva som kan realiserast vil tida vise (nokre av ideane vil krevje både søknad og omregulering). No gjeld det å få inn flest mogleg idear. Etter jul vi me så arrangere eit møte der me presenterer det som har kome inn, og tar det vidare derifrå, seier Tore Sigurd Fitjar til fitjarposten.no.

Dei rundt 20 kilometrane med nye vegar i området, som fitjarposten.no tidlegare har skrive om, gjer i alle fall området lettare tilgjengeleg for fleire grupper enn dei som har ferdast i fjellområdet fram til no.

Så: Har du gode idear om korleis området kan utviklast til beste for folk flest, kan du bringe ideane dine vidare til tore.fitjar@haugnett.no.

– Det er viktig for meg å understreka at dette ikkje handlar om for eller imot vindmøller, men om korleis me kan utnytte dei nye moglegheitene i Fitjarfjellet på beste måte, understrekar Tore Sigurd Fitjar til slutt.

Info om utbyggingsplanane til Midtfjellet Vindkraft AS finn du her.

Her er ein brosjyre som oppsummerar prosjektet – og som har med eit kart over vegnettet som vil stå ferdig komande sommar.