Her frå beisinga av gapahuken. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Øvrebygda 4H inviterer til offisiell opning av gapahuken sin på søndag. 

– Me ynskjer å feira den nye gapahuken vår, og samtidig takka grunneigar Inge Andreas Waage, alle sponsorar og dugnadsarbeidar, fortel leiar i klubben, Isabell Rydland,

Ho inviterer difor store og små til Klovadalstjødno på søndag i frå kl.13 til 16.

– Me stiller med gratis kaka og kaffi, og fyrer opp i bålpanna so folk kan grilla pølser. Det vert natursti oppover mot «flasko», so her er det berre å ta med ein onkel, bestermor, naboar og venar, fortel Rydland.

Ho kan ogso fortelja at det vert snorklypp med ordførar Wenche Tislevoll kl.14.00, samt besøk frå Hordaland 4H.

Les ogso: Beisar seg til leir i Danmark.

- Annonse -