Fitjar kulturskule inviterer pensjonistar, besteforeldre og andre til føremiddagskonsert i foajeen i Fitjar kultur- og idrettsbygg torsdag 10. desember kl.11.00.

Alle som har tid og lyst til å koma på ein koseleg førjulskonsert er hjarteleg velkomne. Elevane vil spela og synga julemusikk og det vert allsong av kjente og kjære julesongar. Det er gratis å koma inn, og kulturskulen serverer kaffi og litt å bita i.

Dette er det tredje året at kulturskulen arrangerer føremiddagskonsert for pensjonistar og besteforeldre. Dei to tidlegare åra har konsertane vore godt besøkt, og Anne Lene Ø. Jordåen i kulturskulen håpar at mange finn vegen i år og. Ho fortel at ein vil få høyra elevar på piano, song, fløyte og messinginstrument, og ynskjer alle hjarteleg velkomne.