Her frå øvingane til dei magiske Disneykonsertane i fjor. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Korpsa i Fitjar vil gje attende til Fitjar kultur- og idrettsbygg med konsert der konsertinntekta går til huset.

Arnhild Jordan Raunholm, leiar Fitjar skulekorps og Ragnhild Prestbø, leiar i Fitjar musikklag melder i ei felles pressemelding at dei ynskjer å gle bygda med julemusikk over internett på fredag.

– Fredag 11/12 inviterer me til julestemning via streaming på Facebook. Kl 1800 starter skulekorpset med sin del av konserten, før musikklaget går live kl 1930. Me kan lova julestemning i lange baner. 

– Det siste året som har gått, har vist viktigheita av at kulturlivet samarbeider for å få gjennomført hendingar. Korpsa har vore så heldige å få lov til å øve i FKIB, også når unntakstilstanden har rådd. 

– Difor ynskjer me å gje igjen til FKIB, ved at det vert høve til å vippse ein frivillig konsertbillett til huset. 

Dei håper mange ynskjer å støtte korpsa ved å høyre på konserten, og FKIB ved å vippse ei gåve.