Ordførar Harald Rydland i samtale med rådmann Olaug Haugen. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Fitjar kommune ynskjer å høyra innbyggjarane sine meiningar, og inviterer til folkemøte om den nye kommuneplanen sin samfunnsdel den 10.08. kl. 19.00 på Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Det har vore ein lang og spennande prosess med å laga Fitjar sin nye samfunnsdel til kommuneplanen. Frå dag 1 har det vore fokus på å få fitjarbuen involvert i arbeidet, og det har vore ein omfattande medverknadsprosess.

– 12 % av innbyggjarane har deltatt direkte i planarbeidet, skriv rådmann Olaug Haugen.

Det nærmar seg med stormskritt at politikarane i Fitjar skal gjera eit endeleg vedtak, og vedta kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS). Utkastet er no ute på ei siste høyring fram til 20. august, og rådmannen og ordføraren håpar folket nyttar sjansen til å uttala seg ein siste gong.

– På folkemøtet vil ordførar og rådmann presentere planen, og vi ser fram til engasjement også no i høyringsfasen. Folkemøtet vil gå føre seg med godt smittevern, og inntil 70 personar kan samlast, skriv rådmann Olaug Haugen i ei pressemelding.

– Å skriva høyringssvar er nok ikkje det ein prioriterer øvst om sommaren. Difor ville me ha eit siste folkemøte, og tenkjer det er lurt å ha det so nær høyringssvarfristen, fortel Harald Rydland.

Kva er KPS?

Den nye kommuneplanen sin samfunnsdel skal fungera som eit styringsverktøy, og skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilheit og kommunen som organisasjon.

Planen er bestemt at skal gjelda i 20 år, og fortel oss kva Fitjar kommune vil jobba med dei neste 20 åra.

Gjennom arbeidet med planen har ein funne ut at hovudtema for planen skal vera:

  • Levande sentrum og bulyst
  • Fitjar i berekraftig vekst
  • Smarte og kompetente kommunale tenester
  • Den grøne kommunen,  inkl. omstilling til lågutsleppsamfunnet
  • Sterke saman – regionalt samarbeid

Planen tek for seg eitt og eitt hovudtema, og fortel etter kvart tema korleis ein vil oppnå mål ein har sett seg ved hjelp av kjekke fargekoda tabellar. Underteikna kan tilrå at ein i alle fall les desse om ein ikkje tek seg tid til å lesa heile utkastet.