Kristian Skumsnes inviterer til grendamøte på Osternes skule. Arkivfoto

Kristian Skumsnes likte dårleg at Fitjar kommune ikkje la inn eit grendamøte på Osternes under «grendamøteturneen» førre veke. No arrangerer han like godt sitt eige møte.

Førre veke arrangerte Fitjar kommune tre grendamøter i samanheng med medverknadsprosessen til deira nye kommuneplanen sin samfunnsdel(KPS). I Øvrebygda diskuterte ein kor positivt det varierte arealet i Fitjar er. I Dåfjorden sakna dei langsiktig tenking frå kommunen. Og på Stranda var Hordfast og vindmøller dei heitaste temaa.

Les ogso: Make Stranda great again

Kristian Skumsnes var blant dei som tok turen til grendamøte på Stranda. Han nytta taletida si på gang- og sykkelstiar, arealplanar og mangelen på kommunalt vatn utover til Skumsnes.

Skumsnes nytta ogso høvet til å retta kritikk til kommunen for at dei ikkje arrangerte grendamøte i Osternes.

Føler seg gløymt

No arranger han sitt eige grendamøte på Osternes skule, der han ynskjer alle med interesse for Osternes velkomne til å koma.

– Eg syntest det er for dårleg at kommunen ikkje la inn eit grendamøte i Osternes krinsen. Osternes og Stranda har ikkje mange felles utfordringar. Eg trur eg kan snakka for fleire når eg seier at me i føler oss litt gløymt her ute, seier Skumsnes.

– Det er like store avstandar mellom Osternes og Stranda, som Dåfjorden og Øvrebygda. Mange hadde reagert om kommunen hadde lagt opp til grendamøte på dei to krisane, so kvifor reagerer ingen på at Osternes og Stranda vart satt opp på eit møte, undrar Skumsnes.

Lang medverknadsprosess

Rådmann Olaug Haugen svara på kritikken frå Skumsnes på møte i førre veke.

– Me burde kanskje spesifisert betre at møtet her på Stranda var lagt opp til å dekkja både Stranda og Osternes. Administrasjonen la opp til at tre grendamøter burde klara å dekkja heile kommunen, uttala Haugen.

Olaug Haugen, her på grendamøte i Dåfjorden. Foto: Ingrid Hovstad

Ho la ogso vekt på at dette er slutten på ein lang medverknadsprosess, og at det har vore mange moglegheiter for Fitjarbuen å koma med innspel.

– Me har hatt folkemøte, møte på ungdomsskulen, workshop på Bryggekafeen, bod under Fitjarfestivalen, møte med næringsrådet, samt eit innbyggjarpanel har vore med under prosessen, fortalde Haugen på møtet.

Inviterte seg sjølv

Kristian Skumsnes er med i innbyggjarpanelet som er sett saman til KPS, men fortel at ogso der var Osternes gløymt.

– Lag og organisasjonar frå alle krinsane utan om Osternes vart invitert. Ja, og øyane burde ogso vore betre inkludert. Eg tok sjølv kontakt med kommunen, og fekk invitert meg sjølv med i panelet på vegne av Grendalaget, fortel Skumsnes.

På grendamøte ynskjer Kristian Skumnes innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel.

– Det vert feil at berre eg skal koma med innspel i frå krinsen vår, eg ynskjer å ta med idear i frå alle med interesse for Osternes, fortel Skumsnes, som inviterer til møte på Osternes skule torsdag 5.sep kl.19.