Fitjar bondelag og Fitjar skyttarlag skal stå for konsert-arrangementet på Smedholmen 20. august og treng i samband med det stor dugnadshjelp.

Fitjarfestivalen går av stabelen 19.-22. august, og fredag 20. august er det på Smedholmen det skjer med stor utekonsert. Eit slikt arrangement krev mykje arbeid. Både bondelaget og skyttarlaget henvender seg først og fremst til medlemmene sine, men alle som kan tenkja seg å bidra er velkomne til å ta kontakt. Det vert ein del arbeid å gjera både i forkant, under arrangementet og i etterkant.

Reidar Kloster i Bondelaget håpar at dei som les dette og formidlar behovet for dugnadshjelp vidare til dei som ikkje er på nett. Alle som kan tenkja seg å bidra på eit eller anna vis bes om å ta kontakt med Reidar Kloster (Bondelaget) på tlf 950 97 620 eller Gisle Vik (Skyttarlaget) på telefon 415 09 306. Send gjerne ei tekstmelding, seier Reidar, som allereie mandag 2. august er klar for den første dugnadsturen til Smedholmen. Bondelaget er klar over at bøndene er inne i ein travel periode med andre slåtten og møkakøyring for tida, men håpar at dei likevel kan setja av litt tid til å gjera ein innsats i samband med Fitjarfestivalen. Dei treng folk no i forkant for å tilretteleggja området, og dette arbeidet kjem nok til å toppa seg siste veka før festivalen. I samband med sjølve konserten vert det jobbing med matsal, vakt osv., og så er det sjølvsagt ein del ryddearbeid i etterkant. «Men ein må hugsa at dugnad ikkje er berre reint arbeid, det er og svært sosialt», seier Reidar Kloster på telefon til Fitjarposten.