Gjennom Kode B, forteljingar frå Bibelen, kan 11–12-åringar i Fitjar vere med og gjere eit djupdykk i Bibelen, fortel kyrkjelydspedagog i Fitjar, Silje Fyllingen, i ei pressemelding til fitjarposten.no.

– Vi inviterer alle i aldersgruppa i Fitjar kommune til å delta på eit opplegg rundt velkjende og mindre kjende bibelforteljingar. Målet er å vekkje leseglede, nysgjerrigheit og undring over det rike innhaldet i Bibelen. Hjå oss skjer det i løpet av fem innhaldsrike samlingar i januar og februar.

Her i kyrkjelyden vår arrangerte vi KodeB for første gong i fjor, med 14 deltakarar i alt. Det vart ei svært positiv oppleving, og vi satsar på at det vert minst like kjekt i år. KodeB er for alle 11- og 12-åringane i Fitjar kommune.

Dei som er døypte eller tilhøyrige, det vil seie dei som har ei mor eller ein far som er medlem, får invitasjon i posten. Men dei som ikkje er døypte eller av annan grunn ikkje har fått personleg invitasjon, er like velkomne! seier Fyllingen vidare. Kode B går over fire samlingar, og gudsteneste på såmannssøndagen.

I Fitjar kyrkjelyd er samlingene i 2013 følgjande dagar: 11. januar, 18 januar, 25. januar, søndag 27. januar (gudsteneste) og 3. februar.

Opplegget har ein gjennomgangsfigur som heter Benjamin. Det er ein ung gut som søkjer seg jobb som sekretær hjå Jesu læresveinar. Vi møter han i filmar og i reisebrev der han fortel bibelhistorier.

Samlingane vil ta opp tema som: 1. Kva er Bibelen? Historia om skapinga og Babels tårn 2. Den store redningsplanen 3. Bli kjent med Jesus! 4. Det handlar om vanlege menneske. Bli kjend med læresveinane.

Påmeldingsfrist er 10 januar.

For nærare info: Kontakt Silje Helen Fyllingen på Epost: sify@fitjar.kommune.no eller på telefon 456 11 480.