"Hvite Gutter" jublar for finalesiger på straffe under fjorårets cup. Då med namnet Mx Hummel Cup. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

7. til 8. februar brakar det laus att, og Fitjar Idrettslag er klare til å arrangera sin 20. innefotballcup.

I år har cupen fått ny hovudsponsor, og Fitjar IL gler seg over at cupen har fått namnet «Haugaland Kraft cup» i år. No håpar dei mange lag vil vera med.

Cupen har tre klassar; Elite klasse herrar, open klasse herrar og open klasse damer. So kalla aktive spelarar, dei under 35 år som har spela på A-laget i 2018, har berre lov å delta i eliteklassen.

– Me oppmodar alle glade amatørar uansett nivå til å finna seg eit lag. Nedre aldersgrense er 2005 modellar, skriv Fitjar IL.

Kampane startar fredag kl. 17.00, og ein satsar på å vera ferdig til kl. 17. laurdag. Oppsettet er avhengig av kor mange lag som melder seg, men dei vil prøva å avgrensa nattkampane.

Nytt av året er at det vert After Ball for dei over 18 år på Fitjar Fjordhotell etter finalane er unnagjort. Her vert det pizza og DJ.

Påmeldingsfrist er 3.februar, og ein melder seg på via e-post til Ole Bergesen: ole@fkib.no. Han kan ogso svarar på eventuelle spørsmål-