Fitjar ungdomsråd og Fitjar folkebibliotek inviterer til online-turneringar i Fortnite og Minecraft. – Garantert smittefritt, fortel biblioteksjefen med eit smil.

I dei kommande vekene vil bibliotek over heile landet samarbeide med spelorganisasjonen Bibliogames for å levera online-turneringar for å gje spelarane eit sosialt speletilbod.

– Me startar med lokale turneringar, der ein spelar går vidare til ein finale for heile landet, bibliotek mot bibliotek. Turneringa startar 4.april, og det er begrensa tal plassar. Påmeldingsfristen er innan fredag, so her gjeld det å vera rask, fortel biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen.

Ho fortel at i Minecraft er det om å gjera og bygga det flottast ein får til å byggja på ein time. Temaet er “underjordisk skjulested”, og byggverket må dermed ligga under bakken. Bortsett frå det har du full kreativfridom. Konkurransen har 7 år aldersgrense, og 15 personar kan vera med.

– Fortnite har 12 års aldersgrense, og her kan 30 personar vera med. Det er ei duo-turnering, so ein må samarbeida for å vinna, fortel Torbjørnsen.

– Deltaking er sjølvsagt gratis, avsluttar Torbjørnsen.

Har du lyst til å bli Fitjarmeister i Minecraft eller Fortnite og vinne premiar? Då finn du påmeldingsskjema og meir informasjon på heimesida til Fitjar Folkebibliotek.