Fitjar vgs har no tilbod om datakurs og vender seg til både privatpersonar og bedrifter.

-Fitjar vidaregåande skule planleggjer oppstart av kursa i løpet av hausten. Interessa vil avgjera kva kurs som kjem i gang, opplyser ITK-konsulent Rolf-Atle Rolfsnes ved FVGS, og legg til at det er fleire program og versjonar som er aktuelle.

-Me vil ta utgangspunkt i Datakortet sine fagplanar, og kvar kursmodul vil bli på 6 – 8 kveldar à tre timar, seier han.

For å starta opp eit kurs må det vera minimum 10-12 deltakarar, og prisen per deltakar vil bli kr 1.950 for eit kurs på seks kveldar og kr 2.450 for kurs på åtte kveldar.

-Me tenkjer oss oppstart av første kursmodul i veke 44 slik at me blir ferdig før jul, og interessa vil avgjera kva modul det blir. Undervisninga vil truleg bli om tysdagane frå kl 18 – 21. I slutten av januar reknar me med å starte opp neste modul dersom interessa er stor nok, fortel Rolfsnes vidare.

Går du inn på FVGS si nettside (http://fiv.hfk.no) kan finna skjema der du kan registrera di interesse. Dette er ikkje bindande påmelding, og skulen vil kontakta deg igjen med informasjon om kva kurs som kjem i gang.

Du kan òg ta kontakt med skulen på telefon 53 45 78 00 eller kurshaldar Rolf-Atle Rolfsnes direkte på 53 45 78 22 (rolrol@hfk.no), dersom du har spørsmål eller ønskjer melda deg på.