RS ung inviterer til båtrebus frå Smedholmen. Arkivfoto

RS ung arrangerer båtrebus 16.mai, og håpar på mange deltakarar.

– Det vert oppmøte på Smedholmen mellom kl.13. og 14. Her må alle registrera seg i samråd med smittevernsreglane. Det vil få utdelt eit kart og litt rettleiing på korleis rebusen vert gjennomført. Hugs å halda minst 1 meter avstand til andre, skriv Mathea Olsen Vik og Tomine Helland i RS ung.

Som ein ekstra smittevernsregel tillèt dei berre at familiar eller andre nærkontaktar deltek i same båt.

Dei fortel vidare at rebusen ikkje går på tid, men at ein må levera løysinga innan kl.16 om ein ynskjer å vera med i trekninga av flotte premiar kl.17.

– Dette arrangementet er godkjent av kommunen sin smittevernlege og gjeldande retningslinjer vert følgt. Kle deg etter været, ta med godt humør, og hugs redningsvest, avsluttar jentene i RS ung.