Kyrkja inviterer til barnas påskefest, med song av Fitjar barnegospel og utdeling av 6-årsbok, førstkomande søndag.

Søndag 22. april kl 11 er det gudsteneste, som vi kallar barnas påskefest, i Fitjar kyrkje, fortel kyrkjelydspedagog Silje Farstad Fyllingen. Det vert mellom anna song av Fitjar barnegospel og utdeling av 6-årsbøker til alle dei som skal byrje på skulen til hausten. Det er første gong vi deler ut 6-årsbøker i vår kyrkjelyd og vi gler oss veldig, seier kyrkjelydspedagogen.

Etter gudstenesta inviterer kyrkja 6-åringane med familie til rimeleg middag på bedehuset. Silje ber om at dei som vil vere med, melder seg på til ho på epost: sify@fitjar.kommune.no  eller tlf: 45611480, innan onsdag 18. april. Har du spørsmål om pris, meny eller andre ting så berre ta kontakt.