Bømlo Kunstlag inviterer til amatørutstilling i Moster Amfi der òg fitjarbuar er inviterte til å vera med.

Les heile pressemeldinga nedanfor.

I fjor sommar heldt Bømlo Kunstlag ei open amatørutstilling i samband med oppsetjinga av musikalen «Miss Saigon» i Moster Amfi. Det var ei variert utstilling med fotografi,  skulptur,installasjon og måleri. Spanande titlar som «Quiet desperation», « Les mine lepper» og « Minefield mission accomplished» vart m.a. brukt. Denne utstillingen viste seg å vera så suksessfullt at den gav meirsmak for både arrangørar og deltakarar.

I år skal amatørutstillinga stå på eigne bein, men til liks som i fjor vert det satsa mot ei interkommunal utstilling. Me ynskjer breidde i teknikk, geografisk sett og på utøvarane generelt, og meiner difor me har kome fram til eit godt tema for nyskaping.

Årets tema er noko meir universelt enn sist, og me vonar det kan inspirera og motivera både profesjonelle kunstnarar og amatørar til å delta. Temaet dette året er VATN, eit omgrep som inneheld mykje symbolikk, både materielt, religiøst og politisk. Me håpar at det er mange som kan bli frista og inspirert til å skape noko omkring dette temaet. Det er mange som jobbar med kunst heime for seg sjølv og som me ynskjer å nå fram til og få dei fram i lyset på denne utstillinga.

Utstillinga skal også i år hengja i Bømlo Kulturhus og er sett til månadsskiftet juli, august. Me ynskjer at utøvarar frå heile regionen blir med, slik at me kan skape ei skikkeleg interkommunal utstilling.  Dei som ynskjer å delta må melda seg til Janne Robberstad (janne@spotogspindel.no) innan 15.mars.