Bjørg Strømme vil la deg få prøva måling i juni. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Bjørg Strømme inviterert til akvarell-utstilling på Galleri Losjen, samstundes vil du få høva til å måla ditt eige akvarell-måleri.

– Eg har funne attende til den teknikken eg eigentleg likar best, så utstillinga mi denne gangen inneheld berre bilete i akvarell, og du vil finna stor variasjon i storleik og motiv, fortel Bjørg Strømme.

Ho har ikkje tal på alle utstillingane ho har hatt i Fitjar. For ikkje snakka om Sunnordland og mange andre stader rundt om i heile landet.­

– I tillegg til å visa fram mine prosjekt, vil eg gje folk høve til å prøva seg på den spennande akvarell-teknikken. Til ein rimeleg pris får ein utdelt akvarell-papir og akvarell-maling, og med lån av akvarell-penslar og litt rettleiing, trur eg det kan bli ei interessant røynsle, seier Strømme.

To av måleria som skal stillast ut. Foto: Bjørg Strømme

Ho fortel at dei sjølvsagt tek omsyn til alle smittevern-reglar i desse tider.

Utstillinga opnar fredag 5.juni, og vil ha ope tysdag til fredag frå kl.15.00-18-00, og laurdagar frå kl.13.00-16.00.