Babysong og småbarnstreff inviterer til adventssamling på Fitjar bedehus onsdag 2. desember.

Samlinga tek til klokka 10.30 og er open for alle som er heime med små ungar under skulealder. Dei som deltek på babysongkurset skal ha si siste samling dette semesteret på loftet medan dei andre har adventssamling i hovudetasjen. Etter nistemåltidet vert det ulike juleverkstadaktivitetar. Dei som er 5 år får lov til å vera med på kjøkenet  for å baka julemenn (ta gjerne med kjevle og forkle), resten får lov til å laga ulike ting. Ein treng ikkje melda seg på for å delta, og det kostar ikkje noko å koma, men ein betaler for det ein eventuelt lagar. Alt er små ting til berre nokre få kroner. Til slutt vert det litt adventskos med smak på baksten.

Velkomen!

Med dette tek både babysong og småbarnstreff juleferie. Oppstart etter jul vert onsdag 20. januar kl.10.30. Dei som ynskjer å delta på babysongkurs til våren kan allereie melda seg på på adventssamlinga eller til Astrid K. Prestbø 97 62 58 33 eller Helga Rimmereid 47 62 14 71. Ein må då oppgje namn og telefonnummer til den vaksne og namn og alder på babyen.