Kyrkjeklokkene ringjer for 4-åringane i helga!

Sokneprest Olav Johannes Oma ynskjer alle ungar som bur på Fitjar og som er fødd i 2005 velkomen til kyrja både laurdag og søndag førstkomande helg.

I helga skjer det mykje i kyrkja. Laurdag er alle 4-åringane særleg inviterte til å vera med på ei bli kjent samling klokka 11. Det vert leiting etter preikestolen, dei skal få sjå gravemaskinen, soknepresten trur til og med  at kyrkjeklokkene vil ringa, orgelet kjem til å brusa og det vert minisøndagsskule for 4-åringane på loftet.

Ungane skal gå på tur i og rundt kyrkja, så me håpar det blir godt ver. Borna blir delt i grupper, på 5-8, og går saman med føresette og ein som leiar dei til dei ulike postane. Når ein er komen rundt så vert det bollar og noko å drikka bak i kyrkja, under galleriet. Aktivitetane i kyrkja skal vera ferdige seinast kl. 12.30

«Grunnen til at vi har denne samlinga laurdagen er fordi at sundag skal det vere utdeling av Barnas kyrkjebok til 4-åringane», forklarer Olav-prest.  «Vi håpar at borna gjennom samlinga om laurdag blir litt meir kjent og trygg i kyrkja slik at hausttakkefesten sundag blir endå kjekkare. Hausttakkefesten sundag er ei storsamling for heile familien. Bygdekvinnelaget har pynta kyrkja og laga flotte rammer rundt gudstenesta som tek til klokka 11».

Olav J. Oma minner om at det vert delt ut bok til alle 4-åringane som kjem i kyrkja om sundagen. Ein bed difor om at ein kjem litt før 11,  slik at ein frå registrert borna. «Har du ikkje høve til å koma i  kyrkja men ynskjer boka likevel kan du koma innom kyrkjekontoret så ordnar vi det», forklarer Olav, som er både spend og nervøs på same tid og som gler seg til både laurdagen og søndagen. «Eg håpar at borna kjem og at vi får det kjekt saman!»

Kyrkjeklokkene ringjer for 4-åringane i helga!

list of steroids