Stord sykleklubb vil gjerne ha fitjarbuar med i klubben.

-Me i Stord Sykleklubb har i det siste registrert at sykkelinteressen i Fitjar har tatt seg kraftig opp. Ein møter ofte syklister som er ute og trenar enten med offroad sykkel eller racer, og det er både unge og litt mindre unge som er blitt smitta av sykkelsporten. Stord SK vil svært gjerne ha Fitjar syklistane med i vår klubb, enten ein bare vil mosjonera eller trena aktivt og være med på ritt. Stord SK har fra i år etablert ei ungdomssatsing der me hjelper til med treningsprogram og midlar til utstyr for dei som vil satsa på sykling.

Stord sykleklubb feirar i år 25 års jubileum og me vil feira dette i Oktober med ein flott jubileumsfest. I begynnelsen var den ein kjerne syklistar som samla seg og sykla rundt øya for å halde seg i form. Ein del av desse var også med å sykla Trondheim-Oslo. I 1984 påtok Stord SK seg å arrangere Stord rundt som skeisegruppa i Stord hadde starta opp eit par år tidlegare. Dette blei umiddelbart ein sukess med over 150 på startstreken i 1984.

-Opp gjennom åra er det blitt arrangert temporitt, terrengsykkelritt og gateritt og diverse treningsritt. I dag teller klubben ca. 80 medlemmar og det er stor spredning i alder fra 12 år til 72 år. Eldstemann er fortsatt med i veteran NM som går av stabelen kvart år og Stord syklister tar kvart år med seg heim medaljer fra veteran NM.
Sykkel interessen  har i dei siste åre eksplodert og det er stadig fleire som oppdager denne fine formen for mosjon og trening. Det er årleg ein delegasjon på over 20 stykker fra Stord som deltar i det populære terrengsykkelrittet Birkebeineren.

Ein trenger ikkje være god å sykle eller trena over 10 timer for veka for  å melda seg inn i ein sykleklubb. Stord SK har plass til alle som er interessert i sykling. Me har medlemskveldar der me av og til inviterer trenarar eller andre syklister til å snakke om trening og utstyr. I tillegg har desse som har vore med lenge ein masse erfaring og tips å komme med om trening og utstyr som er svært nyttige. Me har i år fått ei ny nettside som me holder medlemmane våre oppdatert med informasjon, og me legg i tillegg ut rapporter med bilder og tekst fra ritt me er med på eller treningsleirar og turar.

Me vil med dette invitera  Fitjar syklistane  til å bli medlem i Stord Sykleklubb.
Som medlem får du kjøpa sykkelbekledning til rabatterte priser og du får gode rabatter på sykkelutstyr når ein handler hos Sykkel og Sport.
Ta ein kikk på vår nettside: www.stordsk.no

Medlemskontingenten for 2008 er kr 400,- (550,- for familiemedlemskap), fortel Roger SVendsen i Stord sykleklubb.