Forteljar Johanne Øvstebø Tvedten, saman med songar Maria Malmstein, skapte magiske augneblink på Årskog museum i ettermiddag.

«Det er dette me vil ha» og «Dette likar me» var gjennomgangstonen då dei 40 tilhøyrarane som hadde sete som sild i tønne i stova på museet var på veg ut dørene etter den musikalske forteljeførestellinga «Madli und» apalen». Søndag 12. september er kulturminnedagen, med tema: «Nytt liv i gamle kulturminner», og det var bakgrunnen for dette arrangementet, som var eit samarbeid mellom Sunnhordland folkemuseum og Fitjar husflidslag.

Førestellinga byggjer på boka med same namn skriven av Kvinnheringen Jens Tveit (1857-1935). Tveit var ein produktiv forfattar og gav ut 25 bøker i perioden 1885-1928. Gjennomgangstema i diktinga hans er vestnorske fjellbygder, og slik og med Madli und» apalen. Johanne Øvstebø Tvedten har arbeida om teksten til munnleg forteljing, og songaren Maria Malmstein var med og formidla norske og svenske folketonar til forteljinga, samt sjølvkomponert musikk.

Johanne lot oss møta husmannsjenta Madli som gifta seg med den helselause Sjur under Apalen. Madli var ei handlekraftig kvinne med smittande godt humør. Ho venta lenge på å bli enka, og håpte på å få si løn, slik ektemannen lova. Korleis det enda vil me ikkje sei noko om,  men det var ei gripande historie, spekka med både alvor, humor og romantikk. Her vart publikum på ein levande måte teke med inn i både glede og sorger. Det var ei fantastisk framføring av ein forteljar av høg klasse med god kontakt med publikum. Gjennom heile forteljinga dukka det opp musikalske innslag boren fram av Maria. Innslag som vart naturlege understrekingar av handlinga, og som vart framført av ei stemme som passa perfekt til stemninga.

Etter førestellinga fortel songaren at planen var at forteljarstunda skulle vera ute, men grunna utrygt ver vart heller alle stua inn i huset på museet. Det vart trongt, men alle fekk plass, og huset var med på å gje ein ekstra dimensjon til forteljinga. Både songar og forteljar skrytte av akustikken i huset, og sa dei likte seg godt der. Dei skrytte og av eit kjekt publikum som responderte på forteljinga. Historia vart så levande, både for dei to aktørane og ikkje minst for publikum som let seg riva med i den stemninga som vart skapt.