– O-gruppa og friidrettsgruppa i Fitjar IL ønskjer å samarbeide om onsdagstreningane framover, og inviterer joggeglade personar til fellesjogg, intervalltrening og gateløpskarusell utover vinteren, skriv Rolf-Atle Rolfsnes i ei pressemelding.

Resten av pressemeldinga kan du lesa her:

«Det er mange som held seg i form ved å jogga, men det er kanskje både kjekkare og lettare å komma seg ut dersom ein er fleire i lag. Ein del stiller allereie opp på stadion onsdagskveldane for å vera med på intervalltrening, men friidretts- og orienteringsgruppa ønskjer no at fleire blir med på desse fellestreningane. Dei tenkjer difor litt nytt framover.

I partalveker blir det framleis intervalltrening etter litt individuell oppvarming og nokre stigningsløp. I oddetalsveker vil ein prøva med felles joggetur på vegar og gater i Fitjar, der løypetrasé og løypelengd varierer litt frå gong til gong. Her kan det vera naturleg å dela seg i grupper etter kor fort ein ønskjer å springa. Nokre av desse treningane vil inngå i ein gateløpskarusell, og traséen blir bestemt av enkle postar på eit kart som ein kan studera i lag før ein startar. I vegkryss eller andre punkt langs løypa blir det plassert postbukkar der ein stemplar med ei elektronisk brikke for å registrera mellomtider og at ein har vore innom rett plass. Når ein kjem til mål kan ein lesa av brikka for å få alle mellomtider og slutt-tida.

Store deler av løypene vil gå i område med gatelys, men det vil òg bli nokre mørke parti. Det skal likevel ikkje vera nødvendig med hovudlykt. Alle treningane/gateløpa startar frå stadion onsdag kl. 19.30, og det første løpet i gateløpskarusellen blir onsdag 5.desember.
NB! Husk refleksvest!
«