Kvar onsdag i rundt halvanna år har ein sprek gjeng skjerpa den fysiske formen med intervalltrening på løpebanen i Fitjar Idrettspark.

Sidan oppstarten i august 2010 har intervallgjengen i friidrettsgruppa trent kvar onsdag kl. 19.30 på løpebanen.Talet på oppmøtte har variert frå éin til oppunder 30 deltakarar, men ser no ut til å liggja stabilt på 10-15 glade løparar, fortel Bård Inge Bø, som plar springa i front under intervalltreningane. Aldersspennet er frå 17 til 55, men med hovudvekta på dei mellom 30 og 45.

Denne treningsforma passar for absolutt alle uansett form, kjønn eller alder, seier Bård Inge. Deltakarane spring i to minutt og har pause i to minutt, og gjentar dette seks gonger. Dei startar alltid saman etter eit løp, så dei som har litt pust igjen i pausane, har vist tilløp til sosial omgang med kvarandre. Dei mest trufaste trimmarane har vist at treninga gir resultat, til dømes på testløpa dei har om lag kvart halvår (3000 m) og på Fitjardalten.

Sist onsdag var ikkje noko unnatak, trass i kuling og kalde, tunge regnbyer. 10 spreke unge menn og kvinner trassa seg gjennom uveret utan å grina på nasene sine. Ein regntung, men sprek Bård Inge Bø understrekar at det er plass til langt fleire. Særleg dei under 25 – fotballspelarar – og alle mosjonistar som vil komma i betre form blir oppmoda om å møta.