Det var fult rundt borda og lang kø ved kakebuffeen då det vart invitert til internasjonal kakefest på Fitjar søndag ettermiddag.

Med norsk og islandsk song, diktlesing, helsingar og eit fantastisk flott kakebord vart den internasjonale helga på Fitjar avslutta med fest på Fitjar bedehus søndag ettermiddag. Fitjar kulturkontor, Fitjar frivilligsentral, Fitjar sokneråd, Krik Fitjar og Spar Fitjar har stått for arrangementa og folk frå ulike nasjonar har vore med i arrangement-komiteeen.

Det var mange ulike tungemål og god drøs rundt borda allereie før festen starta. Komiteen hadde dekka til 80 stykke men måtte fram med ekstra bord og stolar, og anslo at det til slutt var minst 120 små og store festdeltakarar. Dei fleste busett på Fitjar, men opprinneleg frå Island, Serbia, Kroatia, Montenegro, Latvia, Finnland, Venezuela, Italia, Japan og kanskje frå endå fleire land enn det, i tillegg til ein god del nordmenn som prøvde å menga seg med innflyttarane så godt dei kunne.

Fleire av innflyttarane presenterte landet sitt via ein powerpointpresentasjon som både var informerande og vekte ny reiselyst hos dei som likar å oppleva andre land og folk. 

Dei musikalske innslaga stod islandske Runar Thor Gudmundson og duoen Ingvild M. Oma og Annbjørg Aurlien for, og dei var verkeleg med å løfta arrangementet til ein fest. Det same gjorde det fantastisk flotte internasjonale kakebordet med mange nye og framande smakar. Kakene såg ut til å fella i smak hos både små og store og forsvann som varmt kveitebrød.

Då det ikkje var meir å henta av søtsaker fekk ungane læra seg japansk papirbretting av Nobukazu Imazu, medan dei vaksne fortsatte drøsen over ein kopp kaffi. Flott tiltak dette, sa fleire medan dei tok eit overblikk over den mangfaldige forsamlinga. 

Ordførar Wenche Tislevoll takka alle bidragsytarane som hadde laga til denne festen og som ville dela alt dette med oss andre, og avslutta talen sin med fylgjande helsing til dei utanlandske innflyttarane: De gjere bygda vår rikare!