14 lærarar og skuleleiarar frå forskjellige land i Europa vitja i dag Rimbareid skule. Alle er med i Arion-prosjektet der òg Rimbareid skule deltek. I dette prosjektet utvekslar lærarar erfaringar og får innblikk i skulesituasjonen til kvarandre, tvers over landegrensene. Hos oss er Bjørn Haaland med i dette prosjektet, og han har såleis vore ute i Europa på Arion-samling der. Landa som vart representerte i den gruppa som vitja Fitjar var Belgia, Spania, Frankrike, Ungarn, Tyskland, England, Tsjekkia, Polen, Romania, Slovakia og Tyrkia.