Tripp trapp, vi marsjerer i gummistøvler, song dei minste elevane då dei kom inn i gymsalen med høvelege kle for regn. Publikum klappa takten også då dei store elevane marsjerte inn med frisk musikk i bakgrunnen. Rundt fint pynta bord sat pensjonistane som hadde takka ja til å delta på Øvrebygda skule sitt årlege eldretreff. Denne gongen høyrdest lyden av framande språk ved dei fremste borda. Det høvde seg slik at Øvrebygda skule hadde besøk av skulefolk frå 13 europeiske land. Desse vitjar Sunnhordland for å lære om det norske utdanningssystemet. Dei utanlandske gjestene var imponerte over det dei såg og høyrde då elevane framførde programmet sitt. Pensjonistane sette også stor pris på flott song og andre innslag ved elevane. Blant anna var det solosong ved Silje Rydland, og nokre gutar viste dans i Michael Jackson-stil.

Dei utanlandske gjestene hadde ikkje høve til å vere til stades så lenge, men alle fekk kvar sin kommune-pins av ordførar Harald Rydland før dei reiste vidare til Fitjar vidaregåande skule.

Tora Tislevoll (87) fortalde minne frå barndom- og  ungdomstid. Elevane fekk då innblikk i ein kvardag som er mykje annleis enn notida.

Dei eldste elevane serverte gode snittar, kringle og kaffi i matpausa. Elevar som hadde besteforeldre eller oldeforeldre i salen, kunne ete nista si saman med desse. Hanna Aarbø takka for invitasjon til eldretreff, og sa at det er eit høgdepunkt for pensjonistane i Øvrebygda.

Børge Koløen var ein dyktig programleiar som også snakka engelsk slik at dei langvegsfarande gjestene kunne forstå det han sa.