Som einaste kommune i Sunnhordland, og for første gong i historien, får Fitjar kommune besøk av  valobservatørar frå utlandet i samband med val.

Det er i samband med det føreståande  Stortingsvalet at Noreg får besøk av valobservatørar frå OSSE (Organisasjonen for Samarbeid og Sikkerhet i Europa.) To av observatørane, Maria Babic – valekspert frå Serbia, og Arben Idrizi – valekspert frå Albania, har uttrykt ynskje om å få besøkja  kommunane Fitjar, Os og Bergen i Hordaland. Føremålet med valobservasjonen er å skaffa seg kunnskap om korleis valprosessen i Norge fungerar

Som ein del av programmet ynskjer dei sterkt å få møta representantar/journalistar frå lokal presse. I dette møtet ynskjer dei å m.a. å skaffa seg kunnskap om korleis lokalpressa ser på, og utøver si rolle  i samband med val her i landet. Dette betyr, så langt eg kjenner til, at observatørane då kjem til å stilla ein del spørsmål til/å samtala med presserepresentantane om temaet.

Dette er ei noko spesiell hending. Som einaste kommune i Sunnhordland, og for første gong i historien, får Fitjar kommune besøk av  valobservatørar frå utlandet i samband med val. Eg vil difor tru at dette må vera interessant  for pressa både som nyhende, og at presserepresentantane faktisk kan få vera med på å gje innspel som kan bety noko for utvikling av valprosessane både i vårt eige land, og i unge demokrati som kanskje slit med andre typar utfordringar enn oss.

Valobservatørane kjem til Fitjar før valet, og vert her 1 dag, nærare bestemt torsdag 10. september. Dei styrer i stor grad sjølv programmet sitt basert på ei tidsskisse frå oss. Tida frå kl. 12.00 – 13.00 denne dagen er sett av til møte med representantar frå den lokale pressa, og føregår då primært på observatørane sine premissar. Møtestad er kommunestyresalen. Valobservatørane nyttar engelsk som språk.

Me inviterar med dette Sunnhordland og Fitjarposten til å vera med på møtet, og vonar sterkt at de tek imot invitasjonen både i respekt for valobservatørane og for at det er ei spesiell hending. Eg vil setja stor pris på å få ei tilbakemelding på om de kan koma, og kven som kjem.

Meir generelt bakgrunnsstoff om OSSE-besøket og valobservasjon kan de finna på nettsida http://www.valg.no og ved å klikka VALGOBSERVASJON på venstremenyen.