(Annonse)  Fitjar sokneråd, Fitjar frivilligsentral, Fitjar kulturkontor, KRIK Fitjar og Spar Fitjar arrangerer ei storslagen internasjonal helg på Fitjar denne helga.

Arrangørane håpar at alle som har mogelegheit, både dei som har budd i Fitjar heile livet og dei som kome her til etter kvart tek turen til dei mange spanande arrangementa som skal finne stad i Fitjar denne helga.

Det startar allereie i kveld, fredag 16. november kl 19-22 i Fitjar kultur- og idrettsbygg, Der blir det ei litt annleis KRIK-samling (Kristen idrettskontakt) enn vanleg: ei samling med eit japansk preg! Vi skal ha ei vanleg trening i idrettshallen Fitjar Karate Senter skal ha Karate. Det skal visast bilder fra Karatens heimland «Okinawa» og fortelle om Japan. KRIK-cafe er åpen fram til kl. 22.00, og ein kan få kjøpt japansk karri gryterett. Dette arrangementet som vanlegvis er for ungdom er denne fredagen opent for alle.

Lørdag 17. november. 12-14 Internasjonal matsamling inne i Larsenbygget ved Spar. Folk frå 10 land er med å lage og presentere mat til denne spanande matdemonstrasjonen. Det vert delt ut smaksprøver og oppskrifter.

Søndag 18. november kl 11 Fitjar Kyrkje Gudsteneste med internasjonal vri.

Søndag 18. november kl 16-18 Fitjar bedehus. Internasjonal kakefest, kulturopplevingar med stor spennvidde: operasong, ungdomsinnslag, diktlesing, powerpoint frå Latvia, Kroatia og Serbia m. fl. Det vert i tillegg god tid til å prate og bli bedre kjent med kvarandre. Alle er velkomne.