Gudstenesta laurdag føremiddag var lagt opp som ei bønesamling for kristen fellesskap.

Katolsk prest Fader Piotr og russisk-ortodoks prest Fader Dmytro deltok i gudstenesta saman med våre eigne prestar Olav J Oma og Nobukazu Imazu. I preika si understreka Nobu at det blant anna er godt me kan prise Gud saman og be for kristen enhet. Han nemnde eit vers i Joh. 17: «Må dere alle være ett, slik du far er i meg og jeg i deg».
Katolske og ortodokse kristne innflyttarar og  bygdefolk reiste seg då prosesjonen kom inn i kyrkja.  Unge Alejandro frå Cuba gjekk fremst , og han deltok i bøn saman med 12 år gamle Romante. Tale, song, skriftlesing og bøn vart framført på mange språk, blant anna norsk, polsk, spansk, engelsk og latin, slik at våre utanlandske innbyggjarar kunne forstå noko av det som vart forkynt. Alle fekk utdelt ark med engelsk teksting av  gudstenesta. Mange var med og song  Amazing Grace og Laudate omnes gentes.
I samtale med russisk-ortodokse Dmytro etter gudstenesta,  nemnde han kor viktig det er at folk har tett samband med kvarandre. – Folk som bur her er heldige som møter slike tilbod frå kommunen (og dei andre arrangørane)som i dag. Og til oss norske sa han: Det er viktig å bli kjent med naboane frå utlandet.  – «Vi er vanlige mennesker, ikke farlige».  Dmytro uttrykte stor glede og stor  ære over å få vere på Fitjar i dag. For ordens skuld legg me til at Dmytro snakkar norsk. Han kjem frå Kristi openbarings menighet i Bergen. Fader Piotr kjem frå St. Pauls katolske  kyrkje i Bergen.
 Soknerådet, Frivilligsentralen og Fitjar kommune/kulturkontoret var med og arrangerte bønesamlinga i dag.

Ingressbilete: Frå v. Nobukazu Imazu, Fader Piotr, Fader Dmytro og  Olav J Oma  på kyrkjetrappa. Foto Turid Sandvik.