– Me vonar mange finn turen til arrangementa i samband den internasjonale satsinga denne helga, seier komiteen bak internasjonal helg.

Det startar allereie fredag med eit utvida og spesielt KRIK-opplegg. – I tillegg til trening vert det truleg karateoppvisning, høve til å kjøpe japansk curry og japansk film å få med seg. Denne fredagen er KRIK elles ope for alle, uansett alder, fortel Nobukazu Imazu til fitjarposten.

Laurdag føremiddag er det hos SPAR Fitjar det skjer. Her vil ein få gratis smaksprøver på matrettar frå Serbia, Montenegro, Polen, Latvia, Island, Argentina, Bulgaria, Thailand, Cuba, Filippinene, Japan og Norge.

Søndag vert det gudsteneste med internasjonalt preg. Mellom anna vil preiketeksten vere trykt opp på forskjellige språk, og den einskilde kan be Fadervår på sitt eige morsmål.

Om ettermiddagen vert det så innbyggarfest i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Ordførar Wenche Tislevoll vil ønskje velkomen og syne bilete frå Fitjar, det vil bli kulturinnslag – og det vil bli stands der lag og organisasjonar syner seg fram.

I tillegg vil biblioteket vere ope, og det vert lova kakebord.

– Arrangementet er ope for heile bygda. Målet med det heile er at bygdefolk med bakgrunn frå forskjellige kulturar skal bli kjende med kvarandre, seier arrangementskomiteen.

Arrangørar er Fitjar sokneråd, Fitjar frivilligsentral, Fitjar kommune / kulturkontor, KRIK Fitjar og SPAR Fitjar.

Opplegget vert sponsa av SPAR Fitjar, Wärtsiläfondet og Fitjar Kraftlag.