Då høveleg lokale dukka opp i fjor, var avgjerda klar

Dette fortel Kate Helland i ein prat med fitjarposten.no. Forretninga finn me i andre høgda i Varehuset Rydland. Der treffer me Kate i samtale med ein kunde som kjøper garn. I hyllene ligg mange sortar garn i ulike fargar. Bunkar med oppskriftshefte, Drops design, kan kjøpast billig. Men kundane kan og gå på nettet og finne dei same oppskriftene gratis. Lat oss med same ta med at butikken til Kate, som heiter Små Skatter, er å finne på Facebook. Strikkepinnar, knappar, band og anna utstyr er på plass. Ekstra service følgjer med når kundane kjøper garn. Kate tek seg tid til å forklare dersom nokon treng hjelp til å forstå oppskrifta. Utstilte ferdigstrikka produkt gir ofte andre lyst til å strikke det same. Ja, ho brukar tid på å hjelpe den som skal strikke for første gong også.

Det er ikkje lenge sidan ei elleve år gammal jente kom for å kjøpe garn. Ho ville strikke den populære Skappel-genseren som er ny denne hausten, og han går som ei farsott over heile landet, fortel Kate. Ein kjent TV-figur, Dorthe Skappel, la ut mønster på bloggen sin. Ein brukar to sortar garn samtidig: Alpakka og Mohair, og etter vrangbord er det berre rillestrikk. Dei som er interesserte finn garnsortane hos Kate, og einkvar kan greie å strikke ein slik genser, meiner ho.

Kate er som nemnt veldig interessert i handarbeid, både saum og strikking, noko ho har drive med all sin dag. Då borna var små, sat ho heime og strikka på bestilling, som oftast på maskin. Framleis tek ho i mot bestilling på strikka plagg, helst til born. Me får nyss om at eit hentesett til nyfødde babyar har blitt svært så populært. – Å strikke er avslappande, seier Kate, og legg til at ho likar å produsere. No vert det mest handstrikk. Symaskinen er mindre i bruk no. Tida strekk ikkje til. Butikk-drifta tek mykje tid, og det er slik hø ønskjer det. God utstilling av varene er viktig, og i så måte trur me Kate har nytte av utdanninga som interiørkonsulent. Heimelaga vogge og dokkevogn vekkjer interesse både hos barn og vaksne. Kanskje ein høveleg presang når bestemor skal gi noko til barnebarna. Dokkedåpskjolen fell nok og i god smak.

Ein annan, og kanskje viktigare del av drifta, er sal av barneklær frå null til tolv år, både for gutar og jenter. Det er same merkesort som dei vaksne klærne som vert selt i butikken i første etasje. Gjennom denne bransjen fekk Kate tilbod om å satse på små storleikar. Då gjekk ho bort frå tanken om å lage strikkebutikk heime. Barneklærne er stilt ut i høvelege grupper ordna etter storleik. Det ser oversiktleg og tiltalande ut.

Små Skatter ligg lagleg til for møbelkundar i Varehuset Rydland. Dei kjem ikkje berre frå Fitjar, men også frå Austevoll og Stord. Plakat i butikken nede viser veg til lyst og triveleg lokale i andre høgda med flott utsyn over Fitjarvika og Fodno. Når handelen er unnagjort, kan ein setje seg ved eit lite bord og nyte ein kopp kaffe. Og medan ein sit der, fell kanskje augo på noko anna som freistar. Litt småpynt og måleri er og til sals.