Boka om Nils Vinnes handlar ikkje berre om ein mann som har vore emissær lenger enn nokon annan i Indremisjonssamskipnaden, men ho handlar òg om telefon, post, butikk, båtsamband – og utvandring til Amerika, for å nemna noko.

Nils Vinnes (1872 -1968) var òg mannen som starta Fitjar kristeleg folkeparti, og han var velkjent i heile området vårt. Samstundes gjorde han ein framifrå innsats på heimplassen sin i Vinnesvågen, som den gongen høyrde til Fitjar.

Boka er ført i pennen av forfattaren Ragnhild Tangen med ein del spennande sitat frå Per Hilleren sitt forfattarskap. Alt i alt synest me det blir teikna eit spennande bilete av den personlegdomen Nils Vinnes var. Boka er å få kjøpt hos T. Træet.