Installasjonane til Five generations of birds er allereie begynt å reise seg i Fitjarøyane. Det blir verkeleg spennande å sjå korleis det heile tek form til slutt.

På bileta er det Axel Linderholm og Miks Mitrevics som arbeider med å setje opp installasjonane sine. Korleis det endelege resultatet blir, får me snart sjå. Fitjarposten vil i tida framover følgje opp med meir stoff om Five generations of birds, årets kunsthappening i Fitjar.