Ein av dei vakre dekorasjonane på scena. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mykje vellæte og gode tilbakemeldingar strøymde mot arrangørane den siste dagen av Årsmøtet til Indremisjonssamskipnaden. Det var tydeleg at folk reiste både inspirerte og velsigna heim.

Så har det òg vore eit strålande årsmøte med utruleg mykje fin song og musikk, sterk forkynning, glitrande og spennande barneopplegg – og flott ungdomsopplegg.

I dag har me lyst til å trekkja fram songgruppa «Manna» som kjem frå «Betlehem» i Bergen. Songen deira er, utan å overdrive, noko av det vakraste underteikna har høyrt. Med spenn i stemmene frå skyhøge kontratenorar til djupaste bass, med tette utfordrande arrangement, som dei ikkje berre meistra, men òg song klokkereint, var framføringane deira ei oppleving heilt utanom det vanlege.

Frå før har me nemnt dei lokale kreftene som medvirka på fredagskvelden, og i dag fekk me òg høyra Sunnhordlandsmusikken. Kjempemessig det òg. Ikkje mange liknande musikklag i denne stilen er betre.

Og så forkynninga. Sentral, tydeleg forkynning, med alvor, men òg full av kjærleik og omsorg prega desse samlingane. Ikkje minst fekk hovudtalar Kurt Hjemdal oppleva ei svært lydhør forsamling. Varme var orda, men såvisst ikkje utan utfordring.

Flott var det òg å høyre på sokneprest Olav Oma, som snakka om nåden å bli sett, både av Gud og menneske, og siterte ein som sa: «Vis oss Jesus, så me kan sjå Gud og leva!»

Stolt er me òg.
Stolt over våre lokale krefter som gjorde ein kjempeinnsats for alt skulle klaffe, noko det òg gjorde.

Mykje folk var med på møta denne helga. I føremiddag talde me til nærare 600, og på fredagskvelden trur me at me hadde kunne sluppe inn hundre til, om det hadde vore plass i Kultursalen.

I offer kom det samla inn rundt 220 000 kroner.

Ein av dei vakre dekorasjonane på scena. Foto: Håkon C. Hartvedt