Torsdag hadde rundt 80 elevar i 5. og 7. klasse ved Rimbareid skule storfint handballbesøk av Ole Bitsch, som er A-lagsspelar og dagleg leiar i Stord Handball.

Den danske storspelaren var ute på oppdrag for Region Vest i Norges Håndballforbund.  For tida har dei instruktørar på skulebesøk i hele regionen. Målet med prosjektet er at så mange skular som mogleg skal få besøk av erfarne instruktørar som kan gi inspirasjon og tips både til aktive handballspelarar og elevar som ikkje tidlegare har erfaring med handball. Handballforbundet ønskjer å presentera ein idrett som er inkluderande, lett å meistra, morosam og, ikkje minst, mogeleg å organisere på store og små flater. Dei ønskjer  å formidla at handball er meir enn spel på to mål. I opplegget blir det lagt vekt på leik med ball og aktivitetar som involverer mange samtidig. NHF legg vekt på å tilpassa opplegget etter behov og ønskje på dei ulike skulane dei besøker. Og ikkje minst ønskjer dei å formidla fagstoff til kroppsøvingslærarane. I neste omgang blir lærarane viktige formidlarar av meir handball i kroppsøvinga rundt om på skulane. Med i pakken til skulane er ein perm med aktuelle leikar og aktivitetar som kan brukast som oppslagsverk eller idébank etter skulebesøket.

På Rimbareid var det først 5.-klassingane som fekk glede av det storfine handballbesøket. To klassar med knapt 40 elevar og lærarane Anne Synnøv Haaland Olsen, Hilde Volden de Fine og Ingjerd Lorentsen fekk heile handballhallen i Fitjar  kultur- og idrettsbygg for seg sjølve. Her fekk dei ein dobbeltime, kl. 09.00 – 10.30, med Ole Bitsch frå Stord Handball som ivrig instruktør. Etter storfriminuttet var det 7.-klassingane sin tur, kl. 11.30 – 13.00. Aktiviteten var stor, og det same var engasjementet både frå elevane og lærarane Gunn Evy Haaland, Svanhild Kloster og Johannes Olsen.

Det er å tru at impulsane frå ein toppspelar vil hjelpa lærarane med å laga engasjerande opplegg til ballspel i gymtimane på skulen. Og vera med å betra rekrutteringa til handballsporten i Fitjar.