Denne helga avsluttar den brasilianske kunstnaren Thiago Rocha Pitta sitt seks veker lange opphald på Fitjar. Avslutninga blir markert laurdag med framvisinga av eit filmprosjekt han har laga under opphaldet.

Han kom til Fitjar måndag 19. mai, med eit ope sinn, og klar til å ta innover seg det han ville møta på Fitjar.

– Eg visste det ville bli fruktbart for meg å komma hit til Fitjar. Det er ein veldig spesiell plass, med fjella og sjøen. Eg kunne ha gjentatt noko av det eg har gjort i Brasil tidlegare, men eg tenkte som så at seks veker er nok til å skapa noko heilt nytt.

Snudd på hovudet

Han visste ikkje kva han ville gjera då han kom hit, og første veka farta han rundt i kommunen. Det var då han var på helgeutflukt på sjøen med mellom andre Leif Hedman at ideen for dette prosjektet blei fødd. Sjølve ideen er ein film om ein båt som ligg opp-ned i sjøen, filma opp-ned.

– Båten heiter Atlas, akkurat som titanen i gresk mytologi, som ber himmelen på skuldrene sine. På same måten vil den båten som ligg opp-ned bera det som i realiteten er sjøen, men som er plassert der himmelen skal vera, forklarar Pitta, medan han viser filmen på telefonen sin. Laurdag skal filmen visast i foajeen i Kultur- og idrettsbygget, i stort format.

Pitta er vaksen opp langt frå havet, før han seinare flytta til kysten. Han fortel at han er fascinert av sjø og hav.

– Det er fleire ting eg likar med sjøen. Den er flytande, og den kan ikkje tilhøyra nokon. Ingen kan leggja beslag på sjøen, den er utan grenser. Sjøen flyttar seg over heile verda. Den er vill.

Pitta trur at den den gode opplevinga han har når han er i kontakt med sjøen, botnar i at alt liv kjem frå sjøen, og difor ligg bandet til sjøen djupt i menneskenaturen.

Pitta er full av lovord om tida han har hatt på Fitjar, og filmen han har laga reknar han for å vera det beste verket han har laga. Han skryt også av Leif Hedman og venskapen han har etablert med han. Pitta fortel at den inspirerande tida han har hatt med Hedman, gjer at han no reiser tilbake til Brasil, full av idear.

Milde makrell

Tilbake i heimlandet skal han visa fram filmen på kunstutstillinga Bienal de São Paolo i september. Han håpar også å koma tilbake til Fitjar ved seinare høve.

Det er ikkje berre som kunstnar opphaldet har vore styrkjande. Med sin fascinasjon for sjøen er det ikkje til å undrast over at han har fått smaken på fisking, og spesielt makrell.

– Eg skal pakka med meg ei fiskestong når eg reiser heim att. Me har makrell i Brasil òg, men den er ikkje like god som den her. Det er noko stimulerande og sanseleg med å fanga sin eigen mat og laga den til, fortel han entusiastisk. Sjølv om han er brasiliansk og interessert i fotball, er han likevel heilt klår i stemma når han seier: – Eg vil heller vera her og eta makrell enn å vera i Brasil under VM, før han legg til at han kjem heim att andre juli, tidsnok til å få med seg litt av VM-stemninga i heimlandet.

Kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland synest det har vore spennande å ha ein kunstnar buande i bygda. Særleg er å glad for at Leif Hedman og andre kunstnarar i bygda har stilt opp, og vore med på å gjera opphaldet så godt for Pitta.

– Då kom han raskt i kontakt med eit kunstnarmiljø, i staden for at han gjekk her «åleine».

Gode kontaktar

Bjelland fortel at dette er eit pilotprosjekt kalla Artist in residence i samarbeid med Stiftelsen 3,14 i Bergen, eit galleri som jobbar med å visa fram ikkjevestlege kunstnarar, og Hordaland fylkeskommune. Konseptet går ut på at ein kunstnar blir invitert til å bu på ein plass i ein periode, i dette tilfellet Fitjar. Bjelland fortel at ein grunn til at Fitjar kom med her, var at ho i løpet av prosjektet Five thousand generations of birds i 2012 kom i kontakt med Adriana Alves, som var produsent for det prosjektet. Ho jobbar i Stiftinga 3,14 og tenkte på Fitjar og Bente Bjelland då residence-prosjektet blei ein realitet.

Alves fortel at måten dei landa på Thiago Rocha Pitta, var at dei headhunta han. Dei fekk vita om han gjennom eit galleri stiftinga samarbeider med i Rio, som hadde verk av Pitta. Dei såg litt på ting han hadde gjort tidlegare og fann ut at dei ville invitera han til Fitjar. Og no trur Alves at Fitjar vil vera med han og inspirera han i lang tid framover.

Dette prosjektet med vitjande kunstnarar skal ambulera, og neste kommune som skal få besøk av ein kunstnar gjennom dette prosjektet er Kvam herad.