Margareth Tislevoll har sendt både tekst og bilete på vegner av Slow Food Sunnhordland.

Michèle Mesmain og Sven-Helge Pedersen var langreiste gjester då Slow Food Sunnhordland inviterte til kortreist kveitemiddag på Fitjar Fjordhotell no i haust. Nesten 20 personar hadde meldt seg på og fekk vere med på ein inspirerande kveld med hyggeleg prat og god mat, laga i hotellkjøkkenet.

Michèle Mesmain er pressetalskvinne for Slow Food International i Italia, og er i desse dagar på ein rundreise i Hordaland saman med Sven-Helge Pedersen frå Granvin, ivrig forkjempar i å tryggja oppvekstvilkåra for villaksen i Hardanger. Slow Food Sunnhordland, stifta hausten 2010, er ei av totalt 1300 grupper som er danna m.a. for å setja fokus på verdien av lokale råvarer og lokalprodusert mat. Michèle Mermain fortalde om kampanjar i Italia for å få betre mat i kantiner rundt om i landet. I USA har ein byrja med torghandel rundt om på universita, slik at studentane kan handla ferske, førsteklasses landbruksprodukt midt på universitetsplassen.

Sven-Helge Pedersen er ein varm talsmann for råvarene som finst i og rundt Hardangerfjorden, og inviterte Slow Food Sunnhordland til samarbeid. Flokken kunne nyta nydeleg kveite i lys soppsaus, med ovnsteikte poteter til. Desserten var samansett av enorme bjørnebær frå Fitjar i kjeks, vaniljekesam og sjokoladstenger. Mesmain og Pedersen hadde før på dagen vore på Fitjar vidaregåande skule, hos Jostein Prestbø og i Midtfjellet. Dagane etter skulle dei vidare til Stord, Kvinnherad og Norheimsund.