Alma Brekke spela Mai av Kari Fekjar på det nye pianoet under pianokonserten til Fitjar kulturskule. Foto: Helga Rimmereid

Innvia nytt piano med flott konsert

Fjorten dyktige pianoelevar, ein populær kulturskulelærar og ein profesjonell pianist fylte foajeen på Rimbareid skule med dei nydelegaste pianotonar under Pianokonserten til Fitjar kulturskule torsdag kveld. 

Dette er vår nye stoltheit, sa kulturskulerektor Håvard Kroka og synte til det splitter nye, blankpolerte Petrof-pianoet som stod og skein på scenen framfor kulturskuleelevane og publikum i foajeen. Det er populært å spela piano, me har mange pianoelevar og mange står på venteliste og då er det kjekt å kunna tilby dei eit skikkeleg instrument, fortsette rektoren som opplevde det som sjølvaste julafta då det nye pianoet vart trilla inn på skulen i haust.   

Æra for å opna konserten og innvia det nye pianoet fekk pianolæraren Orlaug K. Evensen saman med distriktsmusikar Magnus Blom. Som seg hør og bør skjedde innviinga med kjende og kjære norske Grieg-tonar, i ei firhendig framføring av Norsk dans nr 2.

 
Andrea Brakedal spelte roleg og fint god natt-songen So ro Lillemann. Foto: Helga Rimmereid

Vidare kom det musikalske perler som på ei snor frå dei unge pianoelevane på Fitjar. Hildegunn Aadland sette an tonen og opna flott med Hvem er redd for den stygge ulven. Det var vidare eit svært variert program med alt frå 1800-talsmusikk som tema frå Bethoveens 9. symfoni taktfast framført av Siren Brekke til meir moderne tonar som filmmusikk frå Pirates of Carabien lekande lett framførd av Sofie Rimmereid og heilt fersk Rihanna-musikk stødig framført av Eline Fitjar Hjelle. Og mellom der lokka Malin Stokken, Maria Båtstad, Susanne Sørfonn, Hanna K. Vestøbstad, Alma Brekke, Andrea Brakedal, Anna F. Hjelle, Celina M Bernes, Mari F. Hjelle og Maria Korsvik mange flotte tonar og melodiar ut av det nye pianoet. Det var god og flott lyd i pianoet og det var ekstra kjekt  å høyra at elevane hadde førebudd seg så god, så publikum kunne slappa av og berre lena seg tilbake og nyta all den flotte musikken. 


Malin Stokken spelte ei spretten og dansande Musette av Bach. Foto: Helga Rimmereid

Etter at alle dei unge, dyktige pianistane  hadde framført sine musikkstykke og bukkande teke imot velfortent applaus var det klart for ei eiga avdeling med distriktsmusikar Magnus Blom ved tangentane. Til avslutting framførde  fiolinist og pianolærar Orlaug K. Evense 1. sats av Fiolinsonate i A-dur av Cesar Franck, akkompagnert av Magnus på piano.


Orlaug K. Evensen framførde Fiolinsonate i A-dur 1. sats og vart akkompagnert av distriktsmusikar Magnus Blom på piano. Foto: Helga Rimmereid

Det vanka som vanleg velfortent sjokolade til alle dei unge musikarane som hadde delteke på konserten, og dei vaksne fekk like velfortent kvar sin rosebukett med seg heim. 


Kulturskulerektor Håvard Kroka delte ut rosande ord og velfortente sjokoladar og blomar til alle som deltok på konserten. Foto: Helga Rimmereid