Inntaksleiararane for Hordaland og Rogaland møttest nyleg på Fitjar Vidaregåande Skule for å  samordne opptaka.

Dei to leiarane, Nils Skavhellen, frå Hordaland og Ståle Wold, frå Rogaland gav òg uttrykk for at dei sette stor pris på at Fitjar VGS kunne vere vertskap i ein slik samanheng. -Her er det alltid godt å koma, sa Skavhellen.

Oppgåva dei fekk løyst på Fitjar var korleis dei skulle kjøpe plassar for einskildelevar mellom fylka, på den måten at Hordaland kjøper plassar hos Rogaland, og motsett.