Harald Rydland i Fitjar KrF har kome med eit innspel til kommunestyremøtet i dag. Du kan lese det han skriv nedanfor.

 

Kommunestyremøte i Fitjar 27.5.2015

Fitjar KrF vil leggja dette vedtaket fram i saka om kommunereform i Sunnhordland:

Kommunestyret vil våren 2016 ta endeleg stilling til om Fitjar skal halda fram som eigen kommune, eller gå inn i ein ny og større kommune i Sunnhordland.  

For å ha eit godt grunnlag for vedtaket i 2016 ynsker kommunestyret snarast å gå i samtalar med Austevoll, Bømlo, Stord og Tysnes for å finna ut om me saman evt. kan etablera ein ny kommune.  Målet for arbeidet må vera å finna fram til den løysinga som innbyggjarane i Fitjar vil vera best tent med.

Kommunestyret ber om at formannskapet på neste kommunestyremøte legg fram eit mandat som kommunen sine representantar kan arbeida etter.

Fitjar Krf