God innsats i aldersbestemte klassar i dag, og kl. 18.00 spelar Fitjar sitt damelag mot Mathopen.

Fitjar-jentene i 11-årsklassen spelte først ein spennande kamp mot Kvinnherad. Dei låg under mesteparten av tida, men utover i kampen varta keeper Ida Fitjar opp med fleire gode redningar. Og ho skal ha mykje av æra for at dei til slutt berga uavgjort 18-18. I den andre kampen sin, møtte jentene Stord, og her blei det noko verre. Stord-jentene, under leiing av Aud Litlabø og utflytta fitjarbu Arve Havnerås, blei for sterke. Sigeren til Stord blei til slutt så klar som 13-8.

Gutekampen i 13-årsklassen blei ein frisk og spennande affære. Gneist var motstandar for fysisk sterke og raske Fitjar-gutar. Dei lokale heltane våre heldt lenge bra følgje, men Gneist halte i land ein fortent siger 16-13. Fitjar-gutane skal likevel ha ros for god innsats kampen igjennom.

Vonleg har dagens kampar i aldersfastsette klassar vore ein fin aperitiff før damekampen. Kl. 18.00 skal damelaget til Fitjar møta Mathopen til seriekamp i 5. divisjon. Det er berre å møta opp og heia dei fram til siger.

Olav Oma og Anne Sissel R. Engevik i sekretariatet let ikkje tapte kampar gå ut over humøret. Foto: Kjetil Rydland.

 

 

Betenkte lagleiarar frå Stord i pausen. Foto: Kjetil Rydland.
Betenkte lagleiarar frå Stord i pausen. Foto: Kjetil Rydland.

 

 

Jentene sleit litt mot Stord på slutten av kampen. Foto: Kjetil Rydland.
Jentene sleit litt mot Stord på slutten av kampen. Foto: Kjetil Rydland.