Fin innsats for Redd barna av born i Øvrebygda.

Ein varm junidag traff me desse borna på Helland.
Plakaten deira viste at det var sal av saft med jordbærpynt.

Ein kunne og kjøpe urter og bukettar med markblomar.

Safta kvikka opp i solsteiken.
Salet resulterte i 265 kr.

Borna ville at pengane skulle sendast til Redd Barna.
Det er gjort, og borna fortener eit bilete i Fitjarposten.