Torsdag den 11.9 på Fitjar og laurdag den 13.9 på Stord, Heiane, er det på ny klart for innsamlingsaksjon av klede, sko og andre ting til fattige i Ukraina i regi av «Hjertelag Ukraina», Stord.

Nils Inge Hatlevik og Gjermund Johnsen har vore med som sjåførar fleire gonger, og dei vert òg med på turen som går i slutten av september i år.

-Me har gjevarar som kjem att år etter år, seier dei, og understrekar at kleda må vera reine og heile og pakka i sekker. Eventuelle ubrukte klede må ikkje ha merkelappar på.

På grunn av transportutgifter tek vi i mot eit bidrag på 100 kroner pr sekk. Andre ting som leikar og tekniske hjelpemiddel tek me gjerne med oss som personlege gåver, seier dei i ei pressemelding.