
I slutten av mai drog to fiskekompisar frå Stord opp ein gigantisk brunaure på nøyaktig 6 kilo under røyefiske i Storavatnet.
Dei to ivrige fiskarane Thor Oddvar Havn Soma og Espen Brask Nordfonn fekk lånt båt hos Knut Berge Aarbø for å dorga etter røye i Storavatnet. Begge er eigentleg flugefiskarar, men denne gongen ville dei ha ei avveksling, og kasta ut røyeblink frå kvar si stong.
Kjempeaure på 6 kg kom opp frå djupet – dei trudde knapt det dei såg!
Det var første gongen dei to var ute på stongfiske i Storavatnet, og for ein fangst det blei! Espen Brask Nordfonn fortel at dei ikkje har kome over sjokket enno, etter at dei fekk ein perfekt innlandsaure på 6 kilo.
I solsteiken ein av dei finaste dagane i mai rodde dei nordover frå Aarbø mot Vik, og hadde festa stengene sine i dorghaldarar. På turen nordover fekk dei eit par fine røyer på vel 2 hekto, og akkurat idet dei skulle snu ved Higraskjeret i Vik, fekk dei ein brunaure på 1,5 kg.
– Me var heilt sjokkerte over at auren var i så perfekt kondisjon, seier Espen Brask Nordfonn, men han legg til at dei sette fisken ut igjen.
Deretter seig dei to glade fiskarane sørover igjen, utan å ana at det venta ei endå større oppleving. Plutseleg begynte det å nykkja i det eine snøret, fortel Nordfonn. Det var nesten som ein fisk som har sett seg fast i gras eller noko anna på botnen, seier han. Så begynte han å køyra, tungt og djupt:
– Eg kom nesten ikkje på at det var ein aure, seier den glade fiskaren.
Men etter ei lita stund, kom fisken oppover mot overflata, og gjorde ein salto 1,5 meter over vassflata. Og dette gjentok seg fleire gonger.
– Dette kan ikkje gå an! meinte dei to fiskekompisane, som knapt trudde det dei såg.
Den store auren hang godt fast på snøret, etter å ha svelgt den vesle røyeangelen med makk på røyeblinken. Dei var fullt klar over at snøret kunne ryka kor tid som helst, og at det ville bli vanskeleg å få fisken over ripa på båten. Men heldigvis hadde dei ein liten røyehåv i båten.
Etter rundt 20 minutt fekk Thor Oddvar Havn Soma lurt hovudet til auren inn i håven. Så tok han tak i sporden på fisken, og løfta alt inn i båten samtidig. Om han hadde teke tak i berre sporden, hadde han nok slite snøret av, trur Nordfonn.
– Dette var den finaste auren me nokon gong har sett, han var heilt perfekt! slår den erfarne flugefiskaren fast, og legg til at begge kompisane var i sjokk, der dei sat utanfor Tveita med hundreårets fangst i båten.
Ikkje berre var fisken perfekt å sjå til på utsida. Han var heilt knallraud inni:
– Kondisjonen var noko av det råaste eg har sett! meiner Nordfonn.
Familien nekta å tru det dei såg!
Då dei kom heim med den sjeldne fangsten, ville ikkje far og onkel – Henning og Birger Nordfonn – tru på dei.
– Dette går ikkje an – denne har de kjøpt! slo dei erfarne fiskarane fast.
Men etter ei søvnlaus natt, gjekk det opp for Birger Nordfonn at historia faktisk var sann. Dei har filetert og røykt fisken, og smaken er perfekt.
Den største innlandsauren i området
Etter duellen med storfisken var det heilt stilt i båten i ein time. Det må vera ein sinnssjuk rekord her på Stordøyo, meiner den ivrige fiskaren. Slike storfiskar har han berre høyrt om frå innsjøar som Mjøsa, og frå Skogseidvatnet i Fusa. Etter det me forstår, må dette vera den største innlandsauren som har blitt teken på stong i området vårt.
Det er den røynde aurefiskaren Knut Berge Aarbø einig i. Han har drege opp tusenvis av små og store innlandsfiskar – og andre fiskar – i snart 50 år. Han har teke brunaure på to-tre kilo og laks og sjøaure på 10 kg på garn i Storavatnet. Men ingen ting i nærleiken av dette – og så på stong!
På førehand hadde dei to heldige fiskarane søkt råd hos Knut Berge om utstyr til røyefiske. Dei hadde brukt ein liten krok på røyeblinken, slik han sa. Men om dei hadde brukt så tynn sen som han meinte dei burde, hadde dei nok aldri fått fisken opp i båten, meiner Knut Berge. Så det var godt dei ikkje følgde alle råda hans.
Knut Berge legg til at ein ikkje kan vera 100 % sikker på om denne fisken kan ha vore i sjøen og gjort seg feit. Men han kan ikkje sjå noko spesielle teikn på det, så denne kjempeauren har nok levd heile livet sitt i Storavatnet, meiner han.
Espen Brask Nordfonn meiner me ikkje kan sjå bort frå at det er ei stamme med kjempestor innlandsaure i Storavatnet. Denne auren var ein fiskeetar, fortel Nordfonn, og han hadde ei røye på 200 gram i magen.
– Det er slik store fiskar blir veldig store, seier Nordfonn, dei kan ikkje bli så store om dei berre et insekt, larver og små krepsdyr.
Fisken såg ikkje veldig gammal ut, og han har vakse jamt og fort, meiner han. Fisken har etter måten få prikkar, og det er eit teikn på at han har hatt godt med mat.
– Viktig å dela historia
– Me fekk ein fantastisk dag, som me aldri vil gløyma, slår Espen Brask Nordfonn fast.
Likevel var dei lenge usikre på om dei ville halda tett, for opplevinga var rett og slett for stor. Men etter kvart har dei kome fram til at det er rett å fortelja om fisketuren. Det kan vera fleire slike storfiskar i Storavatnet, meiner Nordfonn, og han ønskjer lokka fleire til å prøva fiskelukka.
Det er gode forhold for sportsfiske, og det er altfor lite folk som fiskar. Han kan sjølvsagt ikkje lova andre ei slik oppleving, men håper historia deira kan rekruttera fiskarar. Det er berre bra for bestanden at det blir fiska meir i innsjøane våre.
Om du ikkje toppar hundreårets fangst til dei to glade laksane frå Stord, er det gode sjansar for ei god fiskeoppleving på Storavatnet. Det kan me skriva under på etter å ha drege opp tusenvis av fisk dei siste 30-40 åra.
Men kanskje ikkje noko som kjem opp mot ein innlandsaure på 6 kilo på stong. Skitt fiske!
